søndag 13. januar 2008

Vi er einige om at "para" må på ein måte bety vern mot noko, ikkje sant? Og sjølv om ein paraply er til vern mot regn, og ikkje mot ply, og parasoll mot sol og ikkje soll, så må vi berre tolke ut frå tydingane til desse orda at para vernar mot td det normale (paranormal, så klart), mot visuelle matteuttrykk (paragraf), mot samlingar av fæle stikkedyr eller slangar (parabol), mot språklege plattheiter (parafrase) og mangt og mykje anna. Fleire vil følgje.

1 kommentar:

Hurphild sa...

paralyse: det at ein ikkje toler at dagslyset skin på ein, i.e. dagen derpå. Dette medfører gjerne at ein tilbringer dagen heime i sofaen, som lamma.

(Elles veit du sikkert at para tyder ved sidan av, men eg tenker alltid at det tyder mot på grunn av paraply og -sol.)