ting du ikkje ante at du trengte å vernast mot, og nokre nyttige:
paranoia: mot noia
paragliding: ganske enkelt broddar
paralell: mot vendingar brukt av Alf Prøysen (parallell: ei line som overalt har like stor avstand til ei anna line)
paradis: mot lett skodde
parafin: mot 10-33 (sin uimotståelege charme)
paradere: dette er sjølvsagt bokmål. på norsk heiter det paradykk
parat: vel, mot bokstaven t
paramilitære: mot verneplikt
ok. no nok, men kom gjerne med forslag
2 kommentarer:
paralyse: det at ein ikkje toler at dagslyset lyser på ein. Dette gjer gjerne at ein vert sittande i sofaen ein heil dag, som lamma.
(Du veit forresten sikkert at para tyder ved sidan av. Eg tenker òg alltid det tyder mot pga paraply og -sol.)
sjølvsagt veit eg kva para tyder, men då fell jo heile vitsen vekk. eg og ordboka er likevel vener. trass alt
Legg inn en kommentar