mandag 28. januar 2008














denne lappen sto i eit forretningsvindauge i Utlandet. trass språkforvirring trur eg vi kan slå fast at det ikkje finst noko slikt som hippe kapper. utanom kanskje i tryllekunstnar- og gåffmiljø.

torsdag 24. januar 2008

å, eg saknar min gamle kåk. no tenkjer eg på han i eit rosenraudt skjær. å det var ein fin kåk.

mandag 21. januar 2008


blæ. gapar gjerne eg. raff grafitti.

tirsdag 15. januar 2008

esoterisk vs eterisk

menn er ein sjølvsikker rase. det vil i mange tilfelle ikkje falle dei inn at dei nyttar framandord på feil måte. men no har eg sett meg lei på at fleire menneske med penis rotar med esoterisk og eterisk. her er det ordboka seier:

esote´risk, adj., gr., hemmelig, bestemt for de innvidde (mots. eksoterisk).
ete´risk, adj., som har eterens egenskaper; luftig, klar, himmelsk, overjordisk; (kjem.) flyktig.
SLÅ DET OPP!

fleire para! (sjå førre postering for å bli opplyst)

ting du ikkje ante at du trengte å vernast mot, og nokre nyttige:

paranoia: mot noia
paragliding: ganske enkelt broddar
paralell: mot vendingar brukt av Alf Prøysen (parallell: ei line som overalt har like stor avstand til ei anna line)
paradis: mot lett skodde
parafin: mot 10-33 (sin uimotståelege charme)
paradere: dette er sjølvsagt bokmål. på norsk heiter det paradykk
parat: vel, mot bokstaven t
paramilitære: mot verneplikt

ok. no nok, men kom gjerne med forslag

søndag 13. januar 2008

Vi er einige om at "para" må på ein måte bety vern mot noko, ikkje sant? Og sjølv om ein paraply er til vern mot regn, og ikkje mot ply, og parasoll mot sol og ikkje soll, så må vi berre tolke ut frå tydingane til desse orda at para vernar mot td det normale (paranormal, så klart), mot visuelle matteuttrykk (paragraf), mot samlingar av fæle stikkedyr eller slangar (parabol), mot språklege plattheiter (parafrase) og mangt og mykje anna. Fleire vil følgje.

I dag: 10-33 vitjar den 3. verda


Storbritannia

Eg var nyleg i London. Triveleg stad det. Eg har vore der fleire gonger. Men ein ting ein bør vite før ein dreg dit, er at sjølv om Store Britannia har rykte på seg å vere eit i-land, så har befolkninga der enkelte særpreg som brukar å tilhøyre “dei som ikkje har noko, men er lukkelege og sjenerøse trass i at dei har null pengar eller mat og aldri har smakt kjøt" (dette er sjølvsag sett på spissen. Det er ikkje mogeleg å vere lukkeleg dersom ein aldri har smakt kjøt). Til dømes er dei blide sjølv om det har drittjobbar. Dei dinglar med hovudet, smiler og seier darling uansett samme faen. Dei er fullstendig likegyldige til om det er mogleg eller ei å ta seg fram frå punkt A til punkt B. Dei legg gjerne ned halve t-banen i helgene, og dersom du vil ut og fly, kan du ta deg faen på at flytoget ikkje går den aktuelle dagen. Eg skulle fly frå Stansted i går. Kom etter mykje om og men til Liverpool st. via eit delvis nedlagt t-banenett, og der var perrongen til flytoget sperra av. Eg spurte ein mann i gul refleksvest med tydelege teikn på at han jobba der om korleis eg skulle komme meg til flyplassen. Han trakk på skuldrane, smilte og dingla med hovudet. Han sa: I don’t know dear. Og at eg skulle spørje på informasjonskontoret, og han peika vagt i ubestemmeleg retning. Eg gjekk vagt i ubestemmeleg retning. Eg kom til noko som minna vagt og ubestemmeleg om informasjonskontor, men det såg stengt ut (klokka var ti over seks om morgonen, men flytoget byrjar å gå klokka fire, så problemet var ikkje at eg var for tidleg ute, neida). Etter ei stund fann eg ein mann med ei hue som det sto “Stansted Express” på. Han var ikkje så flink i engelsk, men fekk til slutt forklart at eg måtte ta ein buss som kom snart, til sånn og sånn stasjon, og at eg der måtte byte til tog. Dette skulle ta like lang tid som ekspressen vanlegvis tek, altså 46 minutt. Eg steig så på bussen, som aldri byrja å røre seg. Folk (dvs utlendingar som meg, som var i majoritet) byrja å bli hissige og redde for å miste flya sine. Eg var roleg, eg har aldri mista eit fly, passar alltid på å ha ein time ekstra i tilfelle inkompetanse (min eigen eller andre sin) eller som eit 3. verden tillegg (som i dette tilfellet). Etter ei stund rørte bussen på seg, og etter omlag 20 minutt kom vi til den aktuelle togstasjonen. Eg merka at tida hadde byrja å ete eg inn i inkompetansetillegget mitt, men eg rekna ut at dersom toget brukte så lang tid som var lova ville eg framleis rekke fram til flyplassen ein halvtime før innsjekkinga stengte. Etter 3 kvarter med tog utan at nokon flyplass let til å vere i umiddelbar nærleik, byrja eg å uroe meg, men etter nok eit kvarter var vi endeleg framme, og folk byrja å springe for å rekke flya sine. Eg høyrde at nokon gjorde narr av dei som sprang, så eg nøyde meg med å gå så fort eg kunne (i tillegg hadde eg sjølvsagt ein tung sekk, men eg må innrømme at eg set lite pris på å bli gjort narr av). Ok, eg rakk det fint. Kom fram til innsjekkinga ti minutt før stengetid, og det var ingen kø, men iallefall vil eg oppmode om å ha eit inkompetansetillegg sjølv om ein er fullstendig i stand til å tog på eiga hand, for det kan hende at alle andre er fullstendig inkompetente. Noko dei andre gjerne er. Det var alt. Takk for merksemda. Eller ikkje.


tirsdag 8. januar 2008



eg er ganske sikker på at dette er ein veg som fører til Sikt. og på Sikt blir alt bra. eg angrar no på at eg ikkje følgte vegen då eg hadde han der framfor meg, for på Sikt blir ein fyllefrisk. skulle ynskje eg var på Sikt.

lørdag 5. januar 2008

hjå fretex kan ein få tak i mykje som er bra og fint


også denne fine publikasjonen