søndag 13. januar 2008

I dag: 10-33 vitjar den 3. verda


Storbritannia

Eg var nyleg i London. Triveleg stad det. Eg har vore der fleire gonger. Men ein ting ein bør vite før ein dreg dit, er at sjølv om Store Britannia har rykte på seg å vere eit i-land, så har befolkninga der enkelte særpreg som brukar å tilhøyre “dei som ikkje har noko, men er lukkelege og sjenerøse trass i at dei har null pengar eller mat og aldri har smakt kjøt" (dette er sjølvsag sett på spissen. Det er ikkje mogeleg å vere lukkeleg dersom ein aldri har smakt kjøt). Til dømes er dei blide sjølv om det har drittjobbar. Dei dinglar med hovudet, smiler og seier darling uansett samme faen. Dei er fullstendig likegyldige til om det er mogleg eller ei å ta seg fram frå punkt A til punkt B. Dei legg gjerne ned halve t-banen i helgene, og dersom du vil ut og fly, kan du ta deg faen på at flytoget ikkje går den aktuelle dagen. Eg skulle fly frå Stansted i går. Kom etter mykje om og men til Liverpool st. via eit delvis nedlagt t-banenett, og der var perrongen til flytoget sperra av. Eg spurte ein mann i gul refleksvest med tydelege teikn på at han jobba der om korleis eg skulle komme meg til flyplassen. Han trakk på skuldrane, smilte og dingla med hovudet. Han sa: I don’t know dear. Og at eg skulle spørje på informasjonskontoret, og han peika vagt i ubestemmeleg retning. Eg gjekk vagt i ubestemmeleg retning. Eg kom til noko som minna vagt og ubestemmeleg om informasjonskontor, men det såg stengt ut (klokka var ti over seks om morgonen, men flytoget byrjar å gå klokka fire, så problemet var ikkje at eg var for tidleg ute, neida). Etter ei stund fann eg ein mann med ei hue som det sto “Stansted Express” på. Han var ikkje så flink i engelsk, men fekk til slutt forklart at eg måtte ta ein buss som kom snart, til sånn og sånn stasjon, og at eg der måtte byte til tog. Dette skulle ta like lang tid som ekspressen vanlegvis tek, altså 46 minutt. Eg steig så på bussen, som aldri byrja å røre seg. Folk (dvs utlendingar som meg, som var i majoritet) byrja å bli hissige og redde for å miste flya sine. Eg var roleg, eg har aldri mista eit fly, passar alltid på å ha ein time ekstra i tilfelle inkompetanse (min eigen eller andre sin) eller som eit 3. verden tillegg (som i dette tilfellet). Etter ei stund rørte bussen på seg, og etter omlag 20 minutt kom vi til den aktuelle togstasjonen. Eg merka at tida hadde byrja å ete eg inn i inkompetansetillegget mitt, men eg rekna ut at dersom toget brukte så lang tid som var lova ville eg framleis rekke fram til flyplassen ein halvtime før innsjekkinga stengte. Etter 3 kvarter med tog utan at nokon flyplass let til å vere i umiddelbar nærleik, byrja eg å uroe meg, men etter nok eit kvarter var vi endeleg framme, og folk byrja å springe for å rekke flya sine. Eg høyrde at nokon gjorde narr av dei som sprang, så eg nøyde meg med å gå så fort eg kunne (i tillegg hadde eg sjølvsagt ein tung sekk, men eg må innrømme at eg set lite pris på å bli gjort narr av). Ok, eg rakk det fint. Kom fram til innsjekkinga ti minutt før stengetid, og det var ingen kø, men iallefall vil eg oppmode om å ha eit inkompetansetillegg sjølv om ein er fullstendig i stand til å tog på eiga hand, for det kan hende at alle andre er fullstendig inkompetente. Noko dei andre gjerne er. Det var alt. Takk for merksemda. Eller ikkje.


Ingen kommentarer: