torsdag 7. april 2011

Nyopning av Negativ på ein positiv måte

Her skriv berre ei sur hurpe som bannar mykje, og ikkje ei kåt blondine som skriv om dei raffe kleda ho har handla. Dette må eg berre beklage.

lørdag 10. juli 2010

For Faen (stor f her, då Faen er eit særnamn)!

Eg ynskjer meg at folk skal:
1. Slutte å skrive orddeling når dei meinar særskriving.
2. Slutte å seie at "språket er ikkje statisk, men i konstant utvikling, særskriving (ev. anna skrivefeil som passar) er framtida" kvar gong nokon påpeikar ein skrivefeil. Vi har skrivereglar. Menneske som ikkje er i stand til å halde seg til desse er ikkje språklege anarkistar, men lettare psykisk utviklingshemma.

søndag 5. juli 2009

Jævla konfektfaen!

Det er min favorittreplikk i ein film nokon gong, trur eg! Og det er sjølvsagt Heidrun i "Hustruer" som skrik dette til sjefen sin etter at han har ymta frampå om at ho kanskje lid av kvinneplager litt vel ofte (så vidt eg hugsar, det er mange år sidan eg såg filmen). Fy søren, jævla konfektfaen er det beste kraftuttrykket nokon gong!

fredag 12. juni 2009

Gata presenterer: ting du treng til festen














Pynt, her i form av hairextention














Kondom, i tilfelle det skulle bli noko på deg














Noko til dagen derpå.

tirsdag 5. mai 2009

Negativ på ein negativ måte hiv seg nesten på debatten

Skulle nett til å skrive noko om Nina Karin Monsen og fritt ord-prisen og kven som eigentleg har rett på ytringsfridom her i landet. Men så kom eg på at her skal det berre vere tøys og tull. Og godt er det. Puh. Viser heller fram ei bøtte med blod.

søndag 3. mai 2009

Negativ på ein negativ måte. Med bannskap.

Eg vart diverre litt flau av å lese dette, så eg måtte ta det vekk. Det tyder ikkje på nokon måte at det er greit å halde inne nys.

fredag 20. mars 2009

No også som musikkmeldar 2!

I dag vart eg minna på noko eg hadde fortrengt. Morten Abel: Birmingham Ho. Fy Faen.