søndag 30. desember 2007

No også som musikkmeldar

Verdas styggaste song (iallefall ein av dei): Den der jævlige sommarsongen til postgirobygget. Eg høyrte den på radio i går, og ja eg veit den er gammal og sånn, men stygg er han uansett. Når vokalisten syng tenkjer eg på fru Flettfrid Andresen. Prøv å forestill deg songen framført på parodisk fiin-trondhjemsk med knirk og fynd og klem. Det er ikkje langt ifrå. "Du si meg; har du det bra? Jo takk skal du ha. Jeg har det bedre enn de fleste her til stede". Eg utlovar med dette skotpremie.

mandag 3. desember 2007


Ein dag var det så forferdeleg bilkø då eg skulle dra på jobb. Eg var redd eg skulle komme for seint, men så kom eg på at eg gjekk.

søndag 2. desember 2007


Det finst mange fine ting. Og det finst ting med fine navn.
Alkoholskum høyrest kjekt ut!