torsdag 20. mars 2008

heilag heilag heilag er påsken, og då går det ingen buss

ja, så var det påske, og dei av oss som er vane med å bruke kollektivtransport veit at å komme seg frå A til B kan vere ei tolmodsprøve når Den Norske Kyrkja feirar ulike hendingar i Frelsarens liv. HardangerSunnhordalandskeDampskipselskap har blitt til Tide, og med dette følgjer nye og artige ruteendringar som er endå artigare enn dei gamle og artige ruteendringane som fanst før framsteget. nett no sit eg i ein ventehall (denne har varme og til og med ein kafe (den er rett nok ikkje open, men som kjend er det tanken som tel), så dette er ikkje ille tatt i betraktning at eg befinn meg på bygda) og “ventar” på ein buss som aldri kjem. det er skjærtorsdag, og rutetelefonen har gitt ulike opplysningar om kva bussar som faktisk går vidare innover bygdene til ulike folk som skal dit. eg sit nett no og høyrer på ei lita gruppe folk som skal i same retning (dei kjenner kvarandre ikkje), og som har funne ut at det slett ikkje går nokon buss i det heile. dette er dumt. også for meg, for eg skal i same leia, og det er fem mil, sludd og heilagdag, så det kjem ikkje på tale å haike. eg trur NSB må komme med ei hjelpande hand her, slik at det ikkje går tog heller når det ikkje går buss, slik at tåper som stolar på rutetabellar ikkje risikerer å bli sitjande fast i midt i huttiheita fordi nokon er for late til å jobbe. ja, eg meinar for late! eg jobbar i helsevesenet, og der er det ikkje noka bøn. må på jobb. jesus eller ei. og medan eg sit her og fordriv tida med å vere negativ på ein positiv måte, har eg tid til å ta innover meg dagens inntrykk og tenkje over fex når ein er gammal nok til å lure på kva som er gale med dagens ungdom? kvifor er par på ferie eklare enn andre par? kva er det som er gale med gamle folk? eg er ikkje 30 eingong. men dagens ungdom! er det fleire enn meg som tykkjer det er ekkelt når jenter som åpenbart ikkje er over dokkestadiet er utmaia som horer når dei har så barnslege fakter og leikar barnslege leikar (eg såg nokre overdolla under 10-åringar medan eg venta på toget i bergen)? då eg var ni måtte eg fint ha på meg det mor mi bestemte eg skulle ha på meg, med eit og anna tilskrike klesplagg som ei rosa jakke eller joggesko med teikneseriemotiv. men det var ikkje berre meg. alle dei andre ungane hadde det også slik. til og med dei kulaste i klassen. rett nok er eg frå bygda, men er det ikkje noko med tida også? kjære lille venn, du er 8. du treng ingen tanga eller tube-top. du treng parkas (gjerne rosa, dersom det er viktig) og polvottar. og forresten, så treng du heller ikkje friis-veske til 1500 spenn. du treng ein god ransel. og medan eg ser på at det spanske kjærastparet sit og klår på kvarandre som om ventehallen her skulle vere eit hotellrom, høyrer eg på det eldre ekteparet som skal i samme retning som meg, som no har vore ute og spurt ein bussjåfør om han ikkje kan køyre dei til Sekse i bussen sin. det er sikkert 7 mil. + ferje. og nei han kunne ikkje køyre dei gitt. han skulle ein heilt annan retning...