mandag 11. februar 2008

Moderne skikk og bruk; noko for Toppen? #1

I dag startar vi ein ny spalte her i negativ/positiv. "Moderne skikk og bruk; noko for Toppen? " vil komme her med ujamne mellomrom (eller ikkje), og Toppen er sjølvsagt heile noregs skikk og bruk-guru, Toppen Bech. No har ho sjølvsagt ingenting med 10-33 å gjere, men ho burde kanskje lese dette og komme med innspel til problemstillingar ho aldri sjølv hadde kome på. det dukkar stadig vekk opp nye situasjonar i vårt moderne samfunn som treng ein heilt ny etikette, og eg tenkjer ikkje på om kor lang tid det skal gå før ein svarar på ein sms, som visstnok er slikt TB styrer på med i dag. men kanskje negativ/positiv sine lesarar har noko å bidra med?

I DAG:

Kva gjer ein når ein treff ekskjærasten sin på gata, og det viser seg at han/ho sel "Megafon"?

10-33 foreslår:

A: lest som ein ikkje ser vedkomande, og går i motsett retning?
B: seier: "jasså, fått ny jobb? ligg det noko pengar i dette, då?"
C: gir han/ho 200 spenn til fix?
eller det mest freistande:
D: seier: "kva var det eg sa?"

ynskjer innspel!

5 kommentarer:

S sa...

"kva var det eg sa!?"

Telesterion sa...

kva er greia med utropsteiknet!? antydar hr Sakleg at eg må nytte fleire utropsteikn!? i så fall kan du berre drite og dra, eg gjer som eg vil!

Telesterion sa...

og kva var det eigentleg du sa?

S sa...

Eg prøver på nytt: Eg velger alternativ D, "kva var det eg sa?"

Telesterion sa...

eg forsto det. eg er berre vanskeleg. hihi