onsdag 2. juli 2008

i dag slo eg opp ordet "kondrom" i framandordboka. der leste eg at det var ein "brukssvulst". lurar på kva ein brukar den til. men eg hadde lest feil. det var brusksvulst. skuffa.

torsdag 19. juni 2008

ting på gata









onsdag 21. mai 2008



i natt drøymde eg at eg var mama cass, og at eg akkurat hadde bestilt det skinkesmørbrødet som skulle ta livet av meg. eg forsto at dette var mitt siste smørbrød nokon sinne. likevel tok eg ein bit. ingenting hendte. eg tok ein bit til. snart var alt ete opp. eg var ikkje død. slik kan me ikkje ha det tenkte eg, og bestilte eitt til.

torsdag 20. mars 2008

heilag heilag heilag er påsken, og då går det ingen buss

ja, så var det påske, og dei av oss som er vane med å bruke kollektivtransport veit at å komme seg frå A til B kan vere ei tolmodsprøve når Den Norske Kyrkja feirar ulike hendingar i Frelsarens liv. HardangerSunnhordalandskeDampskipselskap har blitt til Tide, og med dette følgjer nye og artige ruteendringar som er endå artigare enn dei gamle og artige ruteendringane som fanst før framsteget. nett no sit eg i ein ventehall (denne har varme og til og med ein kafe (den er rett nok ikkje open, men som kjend er det tanken som tel), så dette er ikkje ille tatt i betraktning at eg befinn meg på bygda) og “ventar” på ein buss som aldri kjem. det er skjærtorsdag, og rutetelefonen har gitt ulike opplysningar om kva bussar som faktisk går vidare innover bygdene til ulike folk som skal dit. eg sit nett no og høyrer på ei lita gruppe folk som skal i same retning (dei kjenner kvarandre ikkje), og som har funne ut at det slett ikkje går nokon buss i det heile. dette er dumt. også for meg, for eg skal i same leia, og det er fem mil, sludd og heilagdag, så det kjem ikkje på tale å haike. eg trur NSB må komme med ei hjelpande hand her, slik at det ikkje går tog heller når det ikkje går buss, slik at tåper som stolar på rutetabellar ikkje risikerer å bli sitjande fast i midt i huttiheita fordi nokon er for late til å jobbe. ja, eg meinar for late! eg jobbar i helsevesenet, og der er det ikkje noka bøn. må på jobb. jesus eller ei. og medan eg sit her og fordriv tida med å vere negativ på ein positiv måte, har eg tid til å ta innover meg dagens inntrykk og tenkje over fex når ein er gammal nok til å lure på kva som er gale med dagens ungdom? kvifor er par på ferie eklare enn andre par? kva er det som er gale med gamle folk? eg er ikkje 30 eingong. men dagens ungdom! er det fleire enn meg som tykkjer det er ekkelt når jenter som åpenbart ikkje er over dokkestadiet er utmaia som horer når dei har så barnslege fakter og leikar barnslege leikar (eg såg nokre overdolla under 10-åringar medan eg venta på toget i bergen)? då eg var ni måtte eg fint ha på meg det mor mi bestemte eg skulle ha på meg, med eit og anna tilskrike klesplagg som ei rosa jakke eller joggesko med teikneseriemotiv. men det var ikkje berre meg. alle dei andre ungane hadde det også slik. til og med dei kulaste i klassen. rett nok er eg frå bygda, men er det ikkje noko med tida også? kjære lille venn, du er 8. du treng ingen tanga eller tube-top. du treng parkas (gjerne rosa, dersom det er viktig) og polvottar. og forresten, så treng du heller ikkje friis-veske til 1500 spenn. du treng ein god ransel. og medan eg ser på at det spanske kjærastparet sit og klår på kvarandre som om ventehallen her skulle vere eit hotellrom, høyrer eg på det eldre ekteparet som skal i samme retning som meg, som no har vore ute og spurt ein bussjåfør om han ikkje kan køyre dei til Sekse i bussen sin. det er sikkert 7 mil. + ferje. og nei han kunne ikkje køyre dei gitt. han skulle ein heilt annan retning...

mandag 11. februar 2008

resirkulering

på jobben min tek dei klimaet på alvor (det gjer ikkje eg). dei har byrja å kjeldesortere avfall i stor stil. eg trur at all plasten som blir sendt til resirkulering blir brukt til å lage plastsekkar til resirkulering av plastavfall. iallefall er det heilt sikkert at det samla volumet av plast som blir lagt i spesielle sekker til resirkulering av plast er mindre enn volumet til sekkene som blir brukt til innsamlinga av plast til resirkulering. men resirkulerast skal det. Uansett, samma Faen.

Moderne skikk og bruk; noko for Toppen? #1

I dag startar vi ein ny spalte her i negativ/positiv. "Moderne skikk og bruk; noko for Toppen? " vil komme her med ujamne mellomrom (eller ikkje), og Toppen er sjølvsagt heile noregs skikk og bruk-guru, Toppen Bech. No har ho sjølvsagt ingenting med 10-33 å gjere, men ho burde kanskje lese dette og komme med innspel til problemstillingar ho aldri sjølv hadde kome på. det dukkar stadig vekk opp nye situasjonar i vårt moderne samfunn som treng ein heilt ny etikette, og eg tenkjer ikkje på om kor lang tid det skal gå før ein svarar på ein sms, som visstnok er slikt TB styrer på med i dag. men kanskje negativ/positiv sine lesarar har noko å bidra med?

I DAG:

Kva gjer ein når ein treff ekskjærasten sin på gata, og det viser seg at han/ho sel "Megafon"?

10-33 foreslår:

A: lest som ein ikkje ser vedkomande, og går i motsett retning?
B: seier: "jasså, fått ny jobb? ligg det noko pengar i dette, då?"
C: gir han/ho 200 spenn til fix?
eller det mest freistande:
D: seier: "kva var det eg sa?"

ynskjer innspel!

lørdag 9. februar 2008

hjelp


10-33. umiddelbart behov for assistanse. ja.