Skulle nett til å skrive noko om Nina Karin Monsen og fritt ord-prisen og kven som eigentleg har rett på ytringsfridom her i landet. Men så kom eg på at her skal det berre vere tøys og tull. Og godt er det. Puh. Viser heller fram ei bøtte med blod.
No kom eg på at då eg var liten, sånn omlag tre-fire (dette veit eg fordi det var i den gamle barnehagen, som vart stengt då eg var fire) var eg kjempeglad i sardiner i tomatsaus på skiva, og hadde det ofte på nista. Ein gong spurte ein av dei andre ungane om kva eg hadde på maten, og eg fortalde som sant var at det var sardiner. Den Andre Ungen sa at det var det ikkje. Det var makrell i tomat, sardiner hadde ikkje tomatsaus. Eg tykkjer minnast at eg vart litt sur og oppgitt. Det var sardiner. Moralen er: dersom du ikkje veit alt i verda (t.d. at også sardiner kan ha tomatsaus) kan du berre halde kjeft.